Krig og Fred og Sånn
Fekk ein kommentar eingong, frå ei dame. Ho sa at overvektige menneske burde betale meir til statskassa fordi dei var ein trussel for helsevesenet. På dette tidspunktet var eg i alle fall 30 kilo overvektig. Eg syntes dama var både frekk og dum, og gjekk rett heim og trøsteåt.
Ho hadde rett i at ved å vere overvektig har ein høgare risiko for høgt blodtrykk, høgt kolesterol, slitasjeskader osv. Men i fredens namn har ein ingen garanti for ovannemde om ein er tynn som ei fjøl heller. Eg mistenkte dama for å vere overflatisk og opphengt i utsjånaden. Andre sin utsjånad. Ho var sikkert opphengt i sitt eige også, men det har ikkje eg noko med.
Då eg var rundt 12 år gamal, sat eg i bilen saman med min far. Han køyrde meg på trening. Eg var ein kul 12-åring som overhovudet ikkje hadde noko spesielt å formidle til far. Så etter det som fortona seg som ei pinleg tausheit, sa min far plutseleg: " Der går Rikard, han kameraten min, veit du."
Eg så ut av vindauget og såg ein mann kome mot oss på høyre side av vegen. Han halta.
" Han haltepingsen der?" , spurte eg flåsete.
Då sa min far noko som eg aldri kjem til å gløyme så lenge eg lever. Han sa:" Er det ikkje løye, Janicke, korleis vi mennseke dømer andre for korleis ein ser ut? Rikard er eit flott menneske."
Eg satt og raudma. Eg blei utruleg skamfull. Det hadde vore betre om han hadde kjefta på meg, for det hadde eg takla.
Dette sette i gong samvitet mitt.
Til mitt forsvar, så meinte eg ikkje noko stygt med kommentaren min. Men det hadde jo unekteleg høyrt sånn ut.
Det er vel det vi skjuler oss bak, der vi kommenterar andre menneske; at vi ikkje meiner noko ilt med det.
Men då er det berre ein ting å gjere, nemleg å slutte med det. Seie andre ord. Andre ord med andre meiningar.
No skal det ikkje vere så veldig intellektuelt å være positiv i enkelte kretsar. Det synes eg er tull. Kva er det som er så kult med å vere kritisk og negativ? Ikkje skjønar eg det.
Men kva veit eg? Eg satt jo nettopp og kommenterte vekta til ei dame i avisa, som eg overhovudet ikkje kjenner.
Men, eg meinte jo det ikkje..........












